Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) hadde ei lite hyggjeleg melding til norske husstandar i svaret til eit skriftleg spørsmål i Stortinget.Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Kan bli nær dobla straumrekning i Sør-Noreg

Eit gjennomsnittleg hushald i Sør-Noreg må rekne med ei straumrekning på 13.000 kroner i årets første kvartal, viser regjeringa sine eigne tal.

Vanleg straumrekning i same periode er på om lag 7.000 kroner, skriv NRK.

Det kjem fram i olje- og energiminister Marte Mjøs Persens (Ap) svar på eit skriftleg spørsmål frå Frps Marius Arion Nilsen i Stortinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er summen òg etter at kostnadene som blir dekte av straumstøtteordninga til regjeringa, er trekte frå.

– Eg vil understreke at desse anslaga er gjennomsnittsutrekningar gjort av NVE basert på ulike føresetnader. Faktisk straumrekning vil variere frå husstand til husstand, legg Mjøs Persen til.

(©NPK)