Kan bli slutt på makspris på straumen til tokkebuarane og næringslivet i kommunen
Varaordførar Benedikte Nes (MDG) fekk eit samrøystes formannskap med seg på å vurdere modellen Tokke kommune nyttar for sal av konsesjonskraft.
– Den modellen me har, har ført oss ut på galeien i år. Eg meiner det er relevant å ta ein gjennomgang av denne modellen i samband med handsaminga av budsjettet til hausten, sa Nes under budsjettrapporteringa i onsdagens formannskapsmøte.
Ordførar Jarand Felland (Sp) gav ei lita orientering om korleis dagens modell fungerer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I Tokke har me vedtatt at me skal ha makstak på straumprisen, den vart heva frå 36 øre til 37 øre for 2020. Det betyr at innbyggarane og næringslivet i Tokke aldri betalar meir enn 37 øre sjølv om straumprisen er 50 øre, og dette gjeld snitt per månad. Om dagsprisen er 50 øre, men snittet for månaden er 30 øre så er det snittprisen som gjeld. Historisk har dette vore ei viktig sak for Tokke kommune. Skal ein selje konsesjonskrafta, slik eg har forstått det, til fastpris må ein fjerne maksprisen me har for straumkundane i Tokke, sa Felland.
– Me ser at me er lagleg til for hogg når straumprisen blir to øre i månaden og me har budsjettert med 33 øre. Det er klart inntektene våre då fell dramatisk, og det er ingen andre kommunar i Telemark som gjer det på denne måten. Alle andre sel det via konsesjonskraftstyret, heldt han fram, og la til at han synest forslaget er interessant, men at det også er litt politisk sprengstoff i det.
Thor Arne Heggtveit (Sp) påpeikte at han meinte diskusjonen høyrde heime i budsjetthandsaminga.
– Det er i alle fall to alternativ, det eine er fastpris og det andre er å ikkje bruke opp alle pengane me får. I staden for 33 øre, kanskje me skulle sette 20 øre i budsjettet, og ha eit fond å ta av om det blir låg pris og føre inn pengar om det blir for mykje. Eg skal innrømme at når me sit om hausten nå og har brukt opp heile bufferen vår, ja slik kan me ikkje ha det. Det er i alle fall heilt sikkert, sa han.
– Eg meiner at dette er ganske avgjerande for økonomistyringa vår, anten me vel det eine eller det andre, og som Thor Arne seier finst det ulike modellar. Men å sitte på ein jojo med tanke på at straumprisane kanskje varierer meir er ikkje gode vilkår for god økonomistyring i ein kommune, så det er naudsynt å sjå på, meinte Nes.