Kan søkje om sosialhjelp digitalt
Innbyggarar i Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kan nå velje å søke sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema.
Den nye løysinga gjer at innbyggjarane kan søke heimanfrå heile døgnet, og også via mobilen sin.
Fram til nå har innbyggjarane i Vest Telemark måtta søkje om økonomisk sosialhjelp på papir. Spesielt etter at koronapandemien kom og NAV-kontora avgrensa sine opningstider på grunn av smittefare, har det å måtte sende post eller reise til postkassa utanfor Nav-kontora for å levere papirsøknad kunne opplevast som tungvint.
Artikkelen held fram under annonsen.
Enklare å søke
Gerd Kari Skaalen, Nav Vest Telemark, er derfor veldig fornøgd med å få denne løysinga på plass nå, og håpar det vil gjere det enklare for dei som har behov for å søkje om sosialhjelp.
– Innbyggjarane forventar at sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i Nav og i samfunnet generelt, seier Gerd Kari Skaalen.