Kasper er ny direktør for reiselivet
Kasper Bentsen Nielsen er tilsett som reiselivsdirektør i Visit Telemark.
– Med ein omfattande og mangfaldig bakgrunn innafor reiseliv og marknadsføring, vil Kasper tilføre verdfull erfaring og innsikt som vil styrke og vidareutvikle reiselivsnæringa i Telemark, skriv Visit Telemark i ei pressemelding.
Bentsen Nielsen startar i jobben 1. september, og overtek etter Anne-Hege Svartdal som slutta tidlegare i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den nye reiselivsdirektøren har jobba innafor reiseliv i over 20 år, både i Noreg og i nabolanda Sverige og Danmark.
– Eg gler meg utruleg mykje til å bli ein del av Visit Telemark og vil takke styret i Visit Telemark for tilliten. Eg ser fram til å representere og hjelpe alle medlemmar i tida framover, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Bentsen Nielsen.
– Kaspers bakgrunn og eigenskapar utfyller kompetansen i selskapet på ein god måte og selskapet vil nå stå godt rusta for å fremje regionen og reiselivsaktørane lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Katrine Straand, på vegner av styret i Visit Telemark.