Anne Sofie Tresland
Kjøper Fjellvåken-aksjar
Vinje kommune får om lag like stor eigardel i Fjellvåken AS som nabokommunen Tinn.
Formannskapet i Vinje ynskjer at kommunen overtek aksjane til Rauland Turist AS i Fjellvåken AS for 1 krone, same summen som turistselskapet i si tid kjøpte kommunens aksjar for.
«Fjellvåken AS, som driftar Fjellvåken 2 på Møsvatn er ei sentral verksemd i høve til samfunnet på Møsstrond. Det er og særs viktig for næringslivet og særleg Mogen Turisthytte at Fjellvåken 2 er i drift. Økonomisk har det ikkje vore dei store overskota, men det er opparbeid ein god likviditet og selskapet er utan lånegjeld. Når ikkje Vinje kommune har noko innsyn og eigarplass i Rauland Turist AS, meiner rådmannen det er mest rett å overtaka denne aksjeposten att, for å kunne ha innsyn i drift og bruk av dette tilbodet,» skriv rådmannen i saka.
Kommunestyret avgjer saka torsdag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP