PMU-møte: Knut Gunnarsli var til stades førre gong PMU handsama konsesjonssøknaden hans. Onsdag får dei klaga hans på bordet.

Klagar på konsesjonsavslaget: – Ikkje eit tilfeldig innfall, men eit avgjerande livsval

I februar bestemte kommunestyret i Vinje at Knut og Mai Kersten Gunnarsli ikkje får konsesjon på landbrukseigedomen Vest-Førnes og Galar på Møsstrond. No klagar ekteparet på vedtaket.

Publisert Sist oppdatert

Advokatfirmaet Moen Erikstein har skrive ei klage på vegner av ekteparet der dei går hardt ut mot kommunen sin argumentasjon. Eit moment i rådmannen si innstilling handla om ekteparets alder, og dette meiner advokatane er grovt usakleg.

– Avslag med grunnlag i ein konsesjonssøkar sin alder er grovt usakleg. Konsesjonssøkar sin alder er ikkje eit anliggande for offentlege myndigheiter. Alder er eit uvedkomande omsyn, skriv dei i klaga, og påpeikar at dette ikkje er eit rettsleg gyldig argument.

I sakshandsaminga har det også vore mykje snakk om det veglause lokalsamfunnet på Møsstrond og viktigheita av å kunne stille opp for kvarandre. Dette er heller ikkje relevant, meiner advokatane til Gunnarsli:

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS