Kokevarselet gjeld framleis. Har ikkje funne årsaka til det forureina vatnet
Seljord kommune sende i går kveld ut ny melding til vassverk-abonnentane: Kokevarselet gjeld framleis.
I tekstmeldinga abonnentane som er knytt til det nye vassverket i Seljord fekk, står det at kommunen framleis ventar på svar på vassprøvene som blei sendt 25. juli.
– Me arbeider med å finne årsak til forureininga i vatnet, skriv kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I tråd med retningslinene til Mattilsynet, og for å sikre stabil kvalitet på drikkevatnet, vil kokevarsel og kloring halde fram til prøver igjen viser at det ikkje er bakteriar i vatnet, heiter det vidare.