Vil vente: Kommunedirektør Beate Våge Lia ber politikarane vente med å ta ei avgjerd om det gamle husmorsskulebygget.
Tone Tveit
Kommunedirektøren ber politikarane vente med å ta ei avgjerd om det gamle husmorsskulebygget
Kommunedirektør Beate Våge Lia i Seljord har til nå i budsjettarbeidet ikkje funne pengane det vil koste kommunen om dei overtek eigedomen og bygga i sentrum frå fylkeskommunen.
VTB skreiv onsdag at det ligg eit framlegg til avtale mellom Seljord kommune og Telemark fylkeskommune om at kommunen overtek bygga, unntatt sjølve fylkessenteret, og eigedomen som tidlegare har husa husmorsskule og vidaregåande skule, for den symbolske summen 1 krone. Men sjølv om prisen er låg, vil avtala medføre kostnader for Seljord kommune til opprusting og vedlikehald.
Driftskostnadene er i dag, ifylgje fylkesdirektøren, 1,8 millionar kroner i året.
Torsdag blei papira til formannskapet offentleggjort. Avtala er blant sakene som skal til handsaming. Kommunedirektøren viser i saksutgreiinga at det er behov for tydelege prioriteringar innan investering – men at det i hovdusak bør vera innan helse og omsorg. Tilrådinga til politikarane er å utsetje saka til handsaming av budsjett og økonomiplan 2025–2029. Kommunestyret skal vedta budsjettet 12. desember.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP