Krevjande: Seljord kommune brukar monaleg meir enn dei tener.

Kommunedirektøren om økonomien: «Særs urovekkande tal!»

Seljord kommune styrer mot eit underskot i drifta på 23,4 millionar kroner. Nå vil kommunedirektøren til banken for å ta opp driftskreditt før neste lønskøyring.

Publisert Sist oppdatert

«Dette er eit særdeles urovekkande tal!»

Med ropeteikn bak setninga, var dette tilbakemeldinga frå kommunedirektøren til politikarane då tertialrapporten etter dei fire fyrste månadene blei lagt fram for politikarane før sommarferien. Per nå ligg kommunen an til å bruke 23,4 millionar kroner meir enn det kjem inn i kommunekassa i år.

Det netto driftsresultatet i budsjettet for 2024 var på minus sju millionar, men resultatet har blitt forverra til nå i år – mellom anna på grunn av vedlikehaldsetterslep, høgdebasseng og at det kjem færre flyktningar. Før sommaren tok politikarane nesten åtte millionar kroner frå disposisjonsfondet til å dekke meirforbruket.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS