Snur: Kommunedirektør Jan Myrekrok meiner det ikkje lenger er grunnlag for å avslå konsesjonssøknaden til ekteparet Gunnarsli.

Kommunedirektøren snur i Møsstrond-saka – tilrår konsesjon

Ny plan for landbruksdrifta og nye opplysningar om endra stad for tannlegepraksis gjer at kommunedirektør Jan Myrekrok no er positiv til å gje konsesjon til ekteparet Gunnarsli.

Publisert Sist oppdatert

Ekteparet Knut og Mai Kersten Gunnarsli har kjøpt landbrukseigedomen Vest-Førnes og Galar, som ligg veglaust til på Møsstrond. Både administrasjonen og politikarane var negative til konsesjonssøknaden deira, og i februar fekk dei avslag. No har dei klaga.

I klaga peikar advokatane til ekteparet Gunnarsli på mange feil og manglar i kommunen sitt konsesjonsavslag frå ein rettsleg ståstad. Dette går ikkje Myrekrok nærare inn på i si utgreiing.

– Norsk rett er ikkje svart/kvitt og ein kan vektlegge ulike sider av ei sak, utan at eit forvaltningsorgan dermed er i «rettsvillfarelse». Sakshandsamar kommenterer ikkje dette vidare her, men kjem tilbake med ei vurdering av påstandane i klaga, dersom saka går vidare til Statsforvalteren, skriv Myrekrok.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS