Anne Sofie Tresland
Kommunen betalar 5 000 kroner til kvar husstand for å bøte på dei høge straumprisane
Kommunestyret i Vinje vedtok torsdag å kompensere innbyggjarane for dei høge straumprisane.
Det var i samband med budsjettet for 2022 at politikarane torsdag vedtok at kvar private husstand i kommunen ville få 5 000 kroner kvar, for å bøte på dei høge straumprisane ein har sett i haust.
Samrøystes vedteke
Fleire av politikarane var tydeleg huga på å lette på det økonomiske presset på innbyggjarane som fylgje av dei høge straumprisane. Bjørnar Christensen (KrF) var fyrst ute, og føreslo i ein interpellasjon i forkant av møtet eit innbyggjartilskot, der kommunen ville betale ut til saman 2 500 kroner til kvar innbyggjar i kommunen, 1 250 kroner for kvar av månadane november og desember.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP