I 2017 vart det signera ei avtale mellom Fortum, nå Recharge, og Kviteseid kommune om ei etablering av ein ladestasjon i Kviteseid sentrum. Denne er nå sagt opp.

Kommunen blar opp 200 000 kroner for å få ny ladestasjon-aktør

Kviteseid kommune inngår avtale med Eviny om ladestasjon i Kviteseidbyen. 

Avtala med Recharge frå 2017 har gått ut. Firmaet har bestemt seg for å avvikle stasjonen i Kviteseid på grunn av dårleg lønsemd og behov for oppgradering av anlegget. Kommunen har arbeidd med å finne løysingar og nye drivarar. Nå er det semje om ei avtale med Eviny som har ladestasjonar over heile landet. I Vest-Telemark har dei stasjon på Dalen, i Fyresdal og Seljord. For at dei skal etablere seg i Kviteseid ber dei om eit økonomisk bidrag for å oppgradere ladestasjonen som kommunen har overtatt. 

Formannskapet vedtok i sist møte å løyve 200 000 kroner i tilskot til ladestasjon. 

Eviny vil overta dagens stasjon og ladarar for å sikre at det ikkje blir stopp i drifta. Investeringa vil vera å oppgradere dagens trafo til 400V samt endringar av abonnement til 400V. Det vil kunne gje ein hurtigladar på 180 kW og ein på 50kW. Det vil vera kapasitet for utvide ladetilbodet endå meir om det blir behov, skriv næringssjef Elisabeth Lid til formannskapet. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS