Ynskjer fokus på førebyggande arbeid: Dagleg leiar av Kviteseid frivilligsentral, Cecilie Austjore-Hosum, assisterande rektor på Kviteseid skule, Rita Bredesen, ansvarleg for barn og unge psykisk helse og rus, Kristin Sollid Haugen, fagansvarleg rus, Elin Aabø, kommunedirektør Laila Thorsen og helsesjukepleiar Vivian Bakken håpar mange møter fram til møte med Maritastiftelsen på Sundvang kulturhus 23. mars.

Kommunen har fått så mange meldingar om rusbruk hjå ungdom og vaksne at dei nå vil gjere noko

– Me må alle fylgje med og bry oss, for me har eit felles ansvar for å spreie gode haldningar, meiner den tverrfaglege gruppa som jobbar med førebyggande arbeid knytt til rus i Kviteseid.

Publisert

23. mars kjem Maritastiftelsen til Kviteseid med foredragshaldarane Truls Petter Andersen og Stig Morten Seierstad. Dei vil dele historiene sine, og begge har erfaring frå eit liv med rus og kriminalitet.

Foredragshaldarane fortel om korleis dårlege avgjerder og val førte dei frå eit liv der rus var noko spennande og gøy til eit destruktivt liv med kriminalitet og negative konsekvensar.

– Besøket frå desse to er ein fin måte å gjere synleg konsekvensane av å hamne i eit rusmiljø. Kommunen har fått så mange meldingar om rusbruk hjå ungdom og vaksne, at nå må me gjere noko, seier kommunedirektør i Kviteseid, Laila Thorsen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS