Siste instans: Dersom formannskapet godkjenner planane, vil Vinje kommune gå inn med 25 millionar kroner i eigedomsselskapet som bygger Qmatec sine nye lokale. Teikninga av nybygget er laga av Sør arkitekter.

Kommunen kjøper Qmatec-aksjar for 25 millionar kroner – siste godkjenning skjer torsdag

Ei aksjeinvestering på 25 millionar kroner i Qmatec Eiendom AS vart vedtatt av kommunestyret i Vinje i april. Dette er den største einskildplasseringa nokon gong for Vinje kommune. Torsdag skal avtalane om investeringa til endeleg godkjenning i formannskapet.

– Arbeidet med å få på plass både finansiering og andre formalitetar har pågått heilt til det siste, skriv rådmannen i si vurdering. Sidan dette er snakk om den største einskildplasseringa nokon gong for kommunen, har dei nytta Kluge Advokatfirma som kvalitetssikrande instans.

Når det gjeld økonomiske konsekvensar av aksjeinvesteringa, peikar advokatane på at aksjekjøpet kan utløyse statsstøtteproblematikk.

– Bekymringa er knytt til overprising av selskapet og emisjonsaksjane ut frå tilgjengeleg informasjon og det potensielle brotet på statsstøttereglane som investeringa vil medføre. Dette er ein pårekneleg merknad frå advokatane, ettersom kommunen ikkje hadde blitt utfordra til å bidra viss Qmatec sjølv hadde hatt den nødvendige finansielle løfteevna, skriv rådmannen i si vurdering.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS