Ein lege som var tilsett i ein kommune i Vest-Telemark bad om å ha heimekontor ein dag i veka. Så fann arbeidsgjevaren ut at legen tok i mot pasientar på ein privat klinikk denne dagen.
(Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Kommunen melde frå om eit mogleg pliktbrot. Dette svarar statsforvaltaren
Då kommunen oppdaga at legen utførte arbeid for ein annan arbeidsgjevar på dagar der han hadde avtale om heimekontor sende dei melding til statsforvaltaren.
Legen som var tilsett i ein av kommunane i Vest-Telemark bad om å få heimekontor ein dag i veka. Då kommunen fekk mistanke om at han ikkje utførte arbeidsoppgåver for kommunen, men arbeidde for ain annan arbeidsgjevar denne dagen, sende dei melding til statsforvaltaren om eit mogleg pliktbrot. Dei melde også saka til politiet.
I ei tilbakemelding til kommunen skriv statsforvaltaren i Vestfold og Telemark at dei vurderer at desse forholda er meir avtalerettslege enn relatert til helselovgjevinga. Dei avsluttar derfor saka hos seg. Om legen skulle bli dømd eller få bot for forholda kan det hende at dei har ei rolle. Dei ber derfor kommunen om å orientere statsforvaltar om det skulle vere tilfelle.
Kommunen meinte at dette var svindel, og melde også saka til politiet. Ifølgje Varden har politiet lagt bort saka.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP