Kommunen overtek 200 meter av Byrtedalsvegen
Veglaget Byrtedalsvegen SA søkte om forlenging av kommunal drift av veg, om lag 200 meter vidare frå der Byrtedalsvegen i dag går over frå kommunal til privat drift. Det godkjente kommunestyret i sist møte, i tråd med innstillinga frå landbruk, miljø og teknisk utval.
I dag er det vanleg praksis at kommunen berre tek over/etablerar nye vegar når kommunen sjølv kjøper opp eigedomar, regulerer til til dømes bustadfelt og tek grunnlagsinvesteringane med veg, vatn og avlaup. I dette tilfellet gjeld søknaden ei forlenging av kommunal drift, langs ein samleveg i Byrte.
Tokke kommune har i dag 63 kilometer kommunal veg. Kommunestyret vedtok i oktober 2018 å halde fram med dei kommunale vegane dei har. Forlenging av kommunal drift vil gje noko meir utgifter på kommunale vegar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP