Omfattande dokumentasjon: VTB har lest barnevernspapira til dei to syskena. Her er omsorgssvikten i heimen dokumentert, og også medisinske funn på åtteåringen «Per» som samsvarar med seksuelle overgrep.

Kommunen vedtok erstatningsansvar for syskena. Nå vil dei heller ha rettssak

Tidlegare i år vedtok ein kommune i Vest-Telemark erstatningsansvar for to sysken som vaks opp der på 80- og 90-talet. Nå har dei vedtatt å overlate spørsmålet om erstatningsansvar til domstolane.

VTB har tidlegare fortalt historiene til dei to syskena, som me har kalla «Per» og «Siri» av omsyn til familien deira. Dei vaks opp i ein heim der kommunen hadde omfattande dokumentasjon på omsorgssvikt, og der dei også mistenkte seksuelle overgrep.

Då syskena var åtte og tre år gamle prøvde kommunen å få dei over i fosterheim, men avgjerda låg hos lokale politikarar, og dei sa nei. Etter dette sette mor ned foten for tiltak i heimen. Dei politimelde overgrepsmistankane vart det også heilt stille rundt.

Kommunestyret vedtok erstatningsansvar

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS