Orientering: Kommuneoverlege Marius Opsahl orienterte kommunestyret.
Olav Åsen Haugsgjerd
Kommuneoverlegen: – Kommunen ville vore i ein heilt annan situasjon utan tidlege tiltak
Kommuneoverlege i Vinje Marius Opsahl orienterte kommunestyret om beredskapen og lokalt hytteforbod. – Ein vurderte å halde på hytteforbodet fram til 1. mai, men me tenkjer ikkje å vidareføre hytteforbudet etter 27. april, sa han.
Opsahl sa i si orientering at han trudde Vinje ville vore i ein heilt anna situasjon om ikkje dei tidleg hadde gjort tiltak og innført lokale forbod.
– Om ein ser på Hol kommune som har mellom 40 og 50 pasientar, så har stenginga spart oss for den type smittespreiing, sa han.
Det er frå kriseleiinga i kommunen vore ei bekymring om at mange hyttefolk vil ha ei forsinka påskefeiring helga før 27. april.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP