Næringshage Rauland: Skisse for den moglege næringshagen ved AiR.
Sakspapir Vinje kommune
Konkurrerer med naboen om arbeidsplassar
Kommunestyret i Vinje går inn får å leggje til rette for ein ny næringshage knytt til AiR.
Bakgrunnen for saka er at Norsk Villreinsenter (NVS), som i dag held til på Skinnarbu, treng nye lokale. NVS har sendt likelydande førespurnader til kommunane Tinn og Vinje, om tilbod på oppgraderte kontorløysingar for dei tilsette og samarbeidspartnerar.
NVS ser på Rauland som det einaste alternativet i Vinje kommune, og etter å ha kikka nærare på saka har administrasjonen kome fram til at det er ei samlokalisering i ein næringshage ved AiR som er det beste alternativet. Kommunen arbeidde i 2015 og 2016 med eit prosjekt knytt til ein «helsenæringshage» på staden.
– Arbeidet førte ikkje fram den gongen, men behovet for eit auka tilbod av kontorfellesskapsplassar trur ein generelt er til stades i Rauland. Dersom ein hadde fått på plass ein større leigetakar ved oppstart av eit slikt tilbod, kunne det lagt grunnlaget for ei positiv utvikling av tilbodet, heiter det i saksutgreiinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP