Advokat: Forsvararen til Marianne Sjølie, Tormod Tingstad la ned påstand om full frifinning av klienten – også i spørsmåla om erstatning.

Krev full frifinning: – Mange, inkludert tiltala, har grunn til å vere både sinte og bitre over det som har skjedd

Forsvararane til Marianne Sjølie la i dag ned påstand om frifinning på alle postar i tiltalen. Dei krev også at ho blir frikjend for alle krav om erstatning.

Publisert

Advokat Tormod Tingstad hevda at det er mykje som er usikkert og mykje som ikkje heng saman i straffesaka mot Marianne Sjølie, då han starta prosedyren sin i Oslo tingrett i dag. Han sa at saka gjeld om lag 220 einskildposteringar fordelt på seks–sju klientar i reknskapa til advokatmannen, Halstein Sjølie.

Han hevda at kjernen i saka er at ho førte rekneskapen og på så vis medverka til underslaga, men spørsmålet er om ho var klar over kva funksjon ho hadde, om ho kjente til at mannen dreiv med omfattande underslag. Når vart ho kjent med underslaga? Var det 19. september 2019, då advokat Sjølie vart avslørt – eller tidlegare? Han la til at ho framstår som ei «underslagsmaskin», som vart grovt utnytta av Halstein.

«Modus» og «spekulasjon»

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS