Avliva: Elgkalven vart avliva av fallviltkontakten.
Privat
Kritisk til at han ikkje fekk løyve til å avlive den skadde elgen. – Me som har mynde, svarar fallviltkontakten
Anders Gaastjønn, som sjølv er jeger, meiner elgkalven leid unødig lenge som fylgje av at han ikkje fekk løyve til å avlive han. Fallviltkontakt Halvor Loftsgarden svarar at han var på staden etter 25 minuttar.
Det var 2. joledag at Gaastjønn var ute og stakk snøskuterløype i Øyfjell at han vart ringt av ein annan skutersjåfør som hadde vore vitne til ein elgpåkøyrsel. Sjåføren som ringte visste Gaastjønn var godkjent jeger og hadde våpen i nærleiken.
– Eg kjørte heim, tok med godkjent våpen og ammunisjon. Då eg var på plass på skadestaden etter kort tid fekk eg raskt elgkalven i siktet, kort avstand og trygg bakgrunn. Perfekte forhold for ei rask og human avliving, fortel han.
At avliving var einaste utveg, var han ikkje i tvil om – kalven hadde brote det eine beinet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP