Ei tid for alt: Dette biletet er frå mai 2010, då VTB skreiv om at Sigrid Rui hadde tatt over ridesenteret og kjøpt hestane og alt inventaret. – Eg har ikkje akkurat den feitaste kontoen i Tinn sparebank, nei, sa Rui då, men la til at dei mange faste kundane gjorde at ho likevel ikkje var særleg uroa for økonomien. Nå mistar Sigrid Rui ein av dei viktigaste kundane, for frå og med 2026 har AiR sagt opp avtala si med ridesenteret. Det gjer at Rui må legge ned drifta, men ho håpar at Morger rideklubb kan få til ei ordning med AiR og at dei kan halde fram med å bruke ridehallen som eit klubblokale.
Randi Berdal Hagen
Kroken på døra for ridesenteret
– Det var eit lys i tunnelen, men det syner seg at det var «toget», skriv kommunedirektør Jan Myrekrok i saka som nå kjem til formannskapet i Vinje.
Ridesenteret i Rauland har over tid slite med å få endane til å møtast. Ridehallen og stallane leiger dei av Rehabiliteringssenteret AiR, som også er deira næraste nabo, og ridesenteret har vore ein viktig arena i attføringsarbeidet til AiR.
I vår såg dagleg leiar av ridesenteret Sigrid Rui seg nøydd til å seie opp leigeavtala med AiR, og var på veg til å legge ned heile ridesenteret frå denne hausten.
I april kom kommunen på banen med ei redningspakke, der dei i tre år ville løne ei halv administrativ stilling som kunne avlaste Rui. I tillegg ville kommunen kjøpe tenester frå ridesenteret for 500 000 kroner årleg desse tre åra, til dømes som eit tilbod om alternativ læringsarena for skuleelevar, og med ein føresetnad om at AiR også heldt fram med å kjøpe tenester for ein tilsvarande sum.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP