Kronprinsparet har planen klar for 50-årsfeiring. Dei dreg ut på fem reiser i Noreg. Ei av reisene går til Vest-Telemark
Kronprinsparet har planen klar for feiringa av 50-årsdagane sine: Dei dreg ut på fem reiser i Noreg og lagar ein bakgardsfest på Slottet.
Kronprins Haakon har bursdag 20. juli og kronprinsessa 19. august.
– Sommaren 2023 fyller kronprinsen og kronprinsessa begge 50 år. Det ønskjer dei å markere ved å løfte fram noko av det dei set aller størst pris på i Noreg, opplyser kongehuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei neste månadene skal dei besøkje Stord (februar), Setesdal og Telemark (mars), Finnmark (april), Træna (mai) og Oslo (juni).
– Dei fem reisene vil til saman bli ei forteljing om ulike delar av samfunnet vårt – om både det gamle og nye Noreg, om kven vi er og om kva som har forma oss som folk, skriv Slottet.
Fest i bakgarden på Slottet
Til slutt inviterer kronprinsparet gjester frå heile landet til felles bursdagsfeiring på Slottet. Festen finn stad 25. august – på bryllaupsdagen til kronprinsparet.
– Gjester frå heile Noreg blir inviterte. Saman med menneske frå heile landet ønskjer kronprinsparet å bruke høvet til å feire det Noreg vi saman har bidrege til å skape gjennom desse 50 åra.
Då kronprinsparet fylte 40 år, arrangerte dei også ei felles feiring. Den gong heldt dei ein storstilt musikkfestival på Skaugum med 220 gjester frå inn- og utland, som alle budde i telt.
Fleire tema
Under reisene rundt i landet ønskjer kronprinsparet å løfte fram ulike tema.
På Stord skal kronprinsen besøkje Aker Solution Stord, eit av dei største og eldste verfta i Noreg. Temaet er industrisamfunn.
– Kronprinsen møter tilsette ved verftet, og høyrer om korleis det er å leve i ein liten by med ei stor hjørnesteinsbedrift.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Telemark er bakteppet for besøket «handverk og tradisjon». Dei besøkjer Raulandsakademiet og ulike lokalsamfunn der næringsutviklinga blir ramma inn av natur og historie.
– Kronprinsparet opplever også eit musikkprogram med Setesdals UNESCO-bevarte musikkarv, opplyser slottet.
Samisk arv, urbant og kystkultur
Under besøket i Finnmark ønskjer kronprinsparet å få ei endå djupare forståing for, og bidra til å formidle vidare samisk historie og kultur.
– Dei ønskjer å bidra til å løfte det samiske som del av det nasjonale arvesølvet vårt, opplyser Slottet.
I Træna er temaet hav- og kystkultur.
– Kronprinsparet – og kongefamilien gjennom fleire generasjonar – har alltid hatt eit nært forhold til havet. Kronprinsparet dreg til Træna, eitt av dei eldste fiskeværa i landet – til spektakulær natur og besøk hos fiskerinæringa, heiter det.
Til slutt blir det urban stemning i Oslo, der kronprinsparet skal møte fleire Oslo-forfattarar og dra gjennom byen for å vise noko av byen og livet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kronprinsparet møter også delar av musikklivet i byen, og ungdom som drøymer om å skape musikk og scenekunst på høgt nivå, opplyser Slottet.
(©NPK)