Sommarklar bygd: 4. juni opnar Lårdalstigen for sesongen og Lårdal er atter ein gong klar til å ta imot sommargjester. Sverre Bakke er spent på kor mange som kjem til å gå stigen og vitje bygda opningshelga.
Else Børte
Kulturprisvinnaren er klar for ny turistsesong
Tokke kommune gjev årets kulturpris til Lårdal vel for den sterke dugnadsånda dei har skapt i bygda og alle aktivitetane dei legg til rette for.
Lårdal har blitt ein verkeleg populær sommardestinasjon. Spesielt for dei som går Lårdalstigen. Den er det Lårdal vel som har æra for. I fjor gjekk rundt 4 500 Lårdalstigen og Victoria tok med seg 1 835 passasjerar frå brygga i Lårdal. Leiar i Lårdal vel, Sverre Bakke, fortel at det nesten blei eit lite problem å ta imot så mange gjester i fjor. Henrik Ibsen kan koma med 90 gjester og Victoria 190 kvar gong kanalbåtane er innom brygga.
– Det kom så veldig med folk. Då blei det litt lite med bare ein serveringsstad. I år er me skikkeleg førebudde. Me håpar dette blir ein bra sesong, seier Bakke.
Inne- og uteservering på Sagbruket
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP