Beredskap: Kommunane har eit ansvar for å vareta innbyggjarane i ein krisesituasjon. Wenche Grønås er beredskapskoordinator i Nissedal. Ordførar Ian Parry-Jones er også radioamatør og kan kommunisere med radio dersom anna telekommunikasjon ikkje fungerer.
Elin Fjalestad
Kva gjer du om straumen forsvinn, om mobilnettet fell ut, eller om du blir isolert på grunn av ekstremvêr?
Kommunane i Vest-Telemark har planar for korleis dei skal takle kriser og alvorlege hendingar. I tillegg meiner beredskapskoordinatorane at det er viktig at kvar og ein av oss følgjer råda for eigenberedskap.
Me er vane med at det meste fungerer – at det er straum i stikkontakten, vatn i krana og at me kan bruke telefon og internett til å kommunisere med. Men slike funksjonar kan falle ut. Og då skal kommunane, som har eit ansvar for å vareta innbyggjarane i ein krisesituasjon, ha ein plan.
Meir fokus på beredskap
Tidlegare i år la regjeringa fram Totalberedskapsmeldinga. Den stakar ut kursen for å styrke den sivile motstandskrafta og totalberedskapen i landet. Klimaendringar, krig og digitale truslar gjer at styresmaktene meiner me bør vere betre førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss. I fjor kom det også nye råd når det gjeld eigenberedskap. For det at flest mogleg klarar seg sjølve nokre dagar om det skulle oppstå kriser eller uønskte hendingar er også ein del av den nasjonale beredskapen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP