Kvinne og hund redda av helikopter
Politiet i Sør-Aust melde torsdag kveld at dei tilkalla redningshelikopter for å redde ei kvinne og hunden hennar ut frå området Hundstøyl i Tokke kommune.
Politiet hadde lokalisert kvinna i Lårdal-området torsdag ettermiddag etter at det blei starta leiteaksjon der mellom anna friviljuge frå Tokke røde kors deltok.
Då politiet kom i kontakt med kvinna kunne ho melde at ho hadde vanskeleg for å ta seg både opp og ned frå området Hundstøyl som ligg i bratt terreng om lag 700 meter over havet i Tokke kommune.
Kvinna hadde telefonkontakt med politiet heile tida, og var ikkje skadd. Eit redningshelikopter kom til området for å redde kvinna og hunden om lag klokka 22.30. Politihelikopter deltok også for å hjelpe til med å gje lys i området.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP