Rådmann: Øystein Tveit meiner formannskapet bør gje ordføraren rådet om at utbygginga i Lårdalsåi blir gjennomført.
Øystein Øygarden
Kviteseid-rådmannen vil at VTK skal halde fast på retten til å byggje ut Lårdalsåi
Torsdag om ei veke skal formannskapet i Kviteseid ta stilling til utbygginga av Lårdalsåi.
Som kjent har Tokke kommune ved ordføraren kravd at det ikkje blir noko av den planlagde kraftutbygginga i Lårdal, og vil også at det blir lagt hinder for at andre enn Vest-Telemark kraftlag kan byggje ut. Før den ekstraordinære generalforsamlinga i slutten av januar behandlar dei fem andre eigarkommunane spørsmålet lokalt. Torsdag om ei veke er det formannskapet i Kviteseid som får saka på bordet sitt for å gje ordføraren føringar på generalforsamlinga.
Innstillinga frå rådmannen er:
«Kviteseid kommunestyre ynskjer at VTK held fast på si rett til å byggje ut Lårdalsåi.»
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP