Ny satsing i Vinje: Kyrre Einar Hegg (t.v.), er tilsett i kommunal PhD-stilling. Her saman med Anders Sandvik, assisterande rådmann og prosjektleiar for COM3 i Vinje kommune.
Tone Tveit
Kyrre er den fyrste offentlege doktorgrad-stipendiaten i Vest-Telemark
Vinbyggjen Kyrre Einar Hegg er den fyrste doktorgradsstipendiaten i marknadsføringsleiing, tilsett på ein offentleg PhD-kontrakt i samarbeid mellom Universitetet i Sør-Aust Noreg (USN) og Vinje kommune knytt til eit internasjonalt prosjekt. – Då moglegheita dukka opp i Vinje, fekk eg nesten hakeslepp, seier Hegg.
Samarbeidssatsinga mellom kommune og Universitetet har sitt utspring i at det vart halde eit arbeidsmøte for eit par år sidan i Vinje med berekraftig utvikling i næringslivet i kommunen som tema. Det var assisterande rådmann, Anders Sandvik og næringssjef Knut Martin Edland som tok initiativ til møtet.
– Veldig mange av næringsaktørane i Vinje sa mellom anna at dei ynskte at kommunen skulle ta meir aktiv del i næringsutviklinga. Me diskuterte også om det ville vere mogleg å få ein offentleg PhD (doktorgradsutdanning) inn i kommunen som kunne jobbe med næringsutvikling, fortel Sandvik, som også leiar prosjektet.
Han meiner det er viktig for kommunen å vise at alle verksemdene i Vinje er viktige og aktuelle, små som store, og seier at dei nå er på leit etter ti lokale verksemder som skal få vere med i prosjektet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP