Dei pensjonerte lærarane: Hanne Bakken og Olaug Røise har mange minner frå tida på fleire skular i Kviteseid, og mange minne saman frå dei 41 elevane dei var klassestyrarar for. Her sit dei med klassebiletet frå 2005/2006.

Lærarduoen Hanne og Olaug

Hanne Bakken starta med tusen elevar i Oslo til å vere åleine med elleve elevar på Åsgrend skule. Olaug Røise tok lærarutdanninga i vaksen alder og på starten av 2000-talet var dei to klassestyrarar for 41 ungdommar ved Kviteseid skule.

Publisert

Det knitrar frå vedfyren, medan vinden susar utanfor stoveglaset. Albumet med gamle bilete er henta fram og to klassebilete blir nøysamt granska ved stovebordet. Hanne Bakken hadde ansvaret for A-klassa, medan Olaug Røise var klassestyrar for B-klassa skuleåret 2005/2006.

– Tenk så heldige me var, Kviteseid har jammen meg flotte ungdommar, og mange positive foreldre, mimrar Olaug medan ho og Hanne set namn på elevane dei fylgde over fleire år i ungdomsskulen.

Eit spesielt skuleprosjekt

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS