Rektor: Aud Lillian Hustveit er rektor i Rauland.
Åshild Emma Solbjør
Lånegjelda aukar – og skular og barnehagar står i kø for å få betre bygg
– Rauland skule ser enormt stor ut på papiret, men det er fordi me har ømleg mange lange gangar. Men me kan ikkje drive undervisning der, sa rektor Aud Lillian Hustveit til politikarane i oppvekst- og velferdsutvalet (OVU).
Ho var til stades måndag då OVU vart orientert om byggjeplanane i oppvekstsektoren i Vinje, og kunne fortelje at arealet deira på ingen måte strekkjer til. Hustveit fortalde om overfylte klasserom og bad også politikarane vere kritiske til korleis ein reknar ut kor mange rutemeter ein treng.
– Kravet er 2,5 – 2,7 rutemeter per elev, og då reknar ein klasserom pluss grupperom inn i dette talet. Men det går ikkje an å drifte ei klasse med fem på grupperom.
Rauland skule opplever også at mange melder seg på SFO nå som det er gratis for 1. og 2. klasse, og Hustveit trur denne auken vil halde fram. No må SFO driftast i to avdelingar i to ulike bygg på grunn av plassmangel.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP