Lånte bort bilen til ein som fyllekøyrde – slik vart straffa
Ein mann i 20-åra måtte møte i retten etter at han lånte bort bilen til ein som køyrde i ruspåverka tilstand.
Mannen var tiltalt for brot på vegtrafikklova paragraf 31 – for å ha latt ein annan bruke ei motorvogn som han eigde eller rådde over på vegner av eigar, utan å vere viss om at personen fyller vilkåra for å køyre den.
Då vesttelen i 20-åra møtte i Telemark tingrett i Kviteseid tidlegare i vår gav han full tilståing i saka.
Hendinga går tilbake til november i fjor. Det var natt til sundag og bilturen var i Vinje. Då let han ein annan person bruke bilen utan å vere viss om at sjåføren fylte vilkåra for å køyre. Sjåføren hadde promille og vart tidlegare i vinter dømt for dette.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP