Rast: Einar Strand (t.v.) og Jon Ljosdal tek seg ein velfortent pust i bakken under ryddinga av Lårdalstigen.
Alfred Selstø
Lårdalstigen er rydda og klar for sommarsesongen
Pensjonistane Einar Strand (89), Jon Ljosdal (72) og Alfred Selstø (67) har bruka siste del av mai til å rydde Lårdalstigen. Med motorsag har den spreke trioen jobba seg fram i det bratte turområdet.
Denne helga startar for alvor sesongen for å gå Lårdalstigen, sjølv om fleire alt har gått turen i år. Langturen på rundt 14 kilometer går i krevjande terreng der delar av turen følgjer kanten av fjellet med spektakulær utsikt over Bandak. Elles går turen også over myrer og på stigar gjennom skog av gran, furu og lauvtre. I løpet av vinteren har tre lagt seg over stigen. Det har fått Einar Strand (89), Jon Ljosdal (72) og Alfred Selstø (67) til å ta med seg motorsaga og rydda veg.
– Det har vore mykje meir vindfall i år enn tidlegare. Tung snø har også fått store tre til å knekke, seier Selstø.
Pensjonist med tid
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP