Brann i låve: Den gamle låven hjå Olav A. Veum som brann til grunnen fredag husa mellom anna eit museum. Veum håpar å byggje den opp att så fort som råd.

Låven husa museum med uerstatteleg historie. – I tragedien viser Fyresdal seg frå si beste side

Olav A. Veum kyter av innsatsen til brannmannskapa og lokale friviljuge som med naud og neppe klarte å hindre at brannen spreidde seg til hovudhuset.

Publisert Sist oppdatert

– Det opplevast veldig dramatisk og trist. Dette er ein fin gamal gard, og låven har vore veldig viktig for oss, og eit synleg bygg med mykje lokal historie i Fyresdal, seier Olav A. Veum, som eig låven som fredag brann ned.

Familien bruka låven aktivt, og hadde mellom anna eige museum i éin etasje.

– Det er ei sorgkjensle, det var fleire hundre år med historie. Det er frykteleg leit, og uerstatteleg, fortel Veum.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS