Godtek å vente: Leiar i Rauland skyttarlag Tor Olav Loftsgarden har godtatt at vidare arbeid med Gothol vert sett på vent medan ein jobbar med alternativet med ny innandørsbane. Han meiner likevel det gjev feil signal om kommunen let seg styre av at ein grunneigar nektar å seie ja til skuterløype.

Legg planane på is. – Tydeleg at skuterløype var viktigare enn skytebane

Naboar av den planlagde skytebanen på Gothol ved Lognvikvatn har varsla at dei vil nekte skuterløypa mellom Øyfjell og Rauland å passere på deira grunn dersom det blir skytebane der. Då tok kommunen kontakt med skyttarlaget.

Publisert Sist oppdatert

Meldinga frå kommunen var at skyttarlaget i Rauland truleg ville stå att som svarteper og få skulda for at skuterløypa mellom Rauland og Øyfjell vart stengt, fortel leiar i Rauland skyttarlag, Tor Olav Loftsgarden.

Kommunen inviterte så skyttarlaga i Rauland og Øyfjell til eit møte for å diskutere alternativ.

– Det var tydeleg at skuterløype var viktigare enn skytebane for dei, og det kom mange meir eller mindre gode forslag for å få oss til å droppe Gothol-prosjektet, seier Loftsgarden til VTB.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS