Eivind Gaastjønn har bestemt seg for å prioritere studiar dei neste åra og gjev difor opp skiskyttarsatsinga.

Legg skia og geværet på hylla. – Den indre gløden er ikkje sterk nok

Eivind Gaastjønn (22) frå Dalen har vore einaste aktive skiskyttar i Vest-Telemark. No set han punktum for satsinga, og legg skiskyttargeværet på hylla for godt.

Publisert

– Eg har dei siste vekene og månadene merka at eg ikkje har ein sterk nok indre glød til å halde fram satsinga. Eg har for lengst innsett at du må vere villig til å ofre nesten alt for å kunne ta opp kampen med dei beste i Noreg, som også er dei beste i verda. Det er eg ikkje villig til, ettersom eg har lyst til å byrje på studiar, og samstundes gjere mykje anna. Livet som satsande skiskyttar kan til tider opplevast som monotont og kjedeleg, seier Eivind.

Fyresdal-utøvaren legg til at det nesten må vere slik dersom det skal vere mogleg å bli blant dei beste. Det er ikkje rom for å gjere så mykje anna enn å ete, sove, trene og ikkje minst restituere seg mellom øktene. 

Gaastjønn var etter førre sesong usikker på om han skulle halde fram satsinga. Både trenaren og treningskameratane oppmoda han, i forlenginga av ein god sesong, til å bli med opp i seniorklassen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS