Det hastar: Entusiastiske leilegheitseigarar på Raulandsfjell ønsker å kjøpe tråkkemaskinene og tilby skikøyring med beltevogn som heis i alpinanlegget. Men det må i så fall skje raskt – denne tråkkemaskina er allereie selt, og den andre kan fort forsvinne. Foto: skjermdump frå ReSalg.com.

Leilegheitseigarar på Raulandsfjell ønsker å kjøpe tråkkemaskinene: – Me ser med stor sorg at anlegget no ser ut til å bli delt opp og selt i bitar

Entusiastiske leilegheitseigarar på Raulandsfjell ønsker å kjøpe dei eksisterande tråkkemaskinene for å køyre skiløparar opp alpinbakken. Men det hastar.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i haust gjekk Raulandsfjell AS konkurs, og alpinsenteret er dermed ikkje i drift. No ligg tråkkemaskinene ute for sal, og den eine er alt selt.

– Som ein ser er det dårleg tid, skriv Kai G. Palm i eit brev til Vinje kommune.

Palm representerer entusiastane som har hatt leilegheit på Raulandsfjell gjennom mange år, og som no ønskjer å kjøpe tråkkemaskinene for å bruke dei som heis i alpinanlegget.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS