Lettare brannskader etter pyroshow
Politiet melder at tre scenearbeidarar fekk lettare brannskadar i Treungen natt til sundag.
Det skjedde i samband med Staysman sitt avslutningsshow på Treungenfestivalen.
I ei seinare oppdatering kjem det fram at totalt seks scenearbeidarar blei brannskadd. Den eine av dei seks fekk andregrads forbrenning, opplyser politiet til TA.
Artikkelen held fram under annonsen.