Reagerte: Seljordordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) sa klart ifrå kva ho meinte om at Dyrsku’n er ført opp som samarbeidspartnar for Bø-veka. (Arkivfoto)
Geir Ufs
Likte ikkje at Dyrsku’n blei nemnt i søknad om tilskot til Bø-veka: – Misbruk av Dyrsku’n som merkevare
Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) går ikkje med på at Dyrsku’n er ført opp som samarbeidspartnar i ein søknad om tilskot til Bø-veka. Heller ikkje Vest-Telemarkrådet ynskjer å bli nemnt i søknaden frå Bø.
I sist møte i Vest-Telemarkrådet (VTR) var det ei orienteringssak om ein søknad som snart skal gå til Telemark utviklingsfond (Tuf). Midt-Telemark kommune håpar på 580 000 kroner frå fondet til nyskipinga Bø-veka neste vår.
Siri Blichfeldt Dyrland (Sp), ordførar i Midt-Telemark, kom i VTR-møtet med ei nærare orientering om Bø-veka.
– Det skal vere ein arena for debatt og utforming av distriktspolitikk. Me skal få folk saman for å finne gode løysingar for distrikta. Eg håper mange synest Bø-veka er ein spennande og god idé som kan kome oss alle til gode, eigentleg over heile landet. Skal Bø-veka oppnå suksess må me ha brei involvering av heile distriktet rundt oss. Då er sjølvsagt også Vest-Telemark ein viktig faktor i dette, sa Dyrland.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP