Romantisk avslutning: Tore Metveit (Ap) overraska kona Rita Tuften Metveit (Ap) med blomar på slutten av kommunestyremøtet. Dei sit begge i Fyresdal kommunestyre, som hadde sitt desembermøte på deira bryllaupsdag.

Litt romantikk innimellom politikken

Siste sak var handsama og Fyresdal kommunestyre var klare for joleferie. Då gjekk Tore Metveit (Ap) på talarstolen med ei alvorleg mine. – Ja, nå blir det bråk trur de vel, sa han og såg ut over forsamlinga.

Publisert Sist oppdatert

– Det blir ikkje det, me skal avslutte på ein fin måte, skunda han seg å legge til. Så trekte han pusten djupt og let det stå til:

– Datoar er noko herk. I dag kan eg og nokon andre minnast for to ting. Det eine er at straumprisen passerte tretten kroner. Ein annan ting er at 12.12.1980 gifta Rita seg. Det er 44 år sidan i dag, så eg tenkte eg kunne gratulere ho med dagen.

Låtten og applausen breia seg i rommet då kona til Tore kom fram og fekk blomar og ein klem av ektemannen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS