Vil heidre Vesaas: Garden Midtbø i Særensgrend, heimen til Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas

Litteraturdagane skal feire Tarjei Vesaas

Frode Grytten, Hildegun Riise og Aasmund Nordstoga er nokre av utøvarane som gjestar årets Litteraturdagar. Det er 125 år sidan den store diktaren frå Vinje vart født, og Vesaas-året blir markert med ei rekkje arrangement under festivalen 25.–28. august.

Publisert Sist oppdatert

Romanar som Fuglane og Is-slottet har gitt Tarjei Vesaas posisjonen som ein av dei fremste forfattarane både i Norden og Europa i det 20. hundreåret. Vesaas sin forfattarskap blir formidla i framføringar, føredrag, film og musikk under årets Litteraturdagar, melder Nynorsk kultursentrum i eit presseskriv.

Gjennom programpostane Vesaas i verda får festivalgjestene meir kunnskap om korleis Vesaas har blitt motteke i det store utland.

– Vesaas sin forfattarskap er ein stor skatt som rommar forteljande prosa, dramatikk og vakker poesi. Bøkene hans opnar dører til det undrande og gåtefulle i oss menneske, seier Geir S. Netland, fungerande arenaleiar ved Vinjesenteret.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS