Får ikkje legge til på brygga: Jan Helge Breidalen brukar ofte båten når han skal over Sundkilen frå heimen sin på Utbøen på Møsasida til Kviteseidbyen. Men nå har det kome opp skilt frå Kviteseid kommune om at han ikkje får legge til på brygga.

Lokal båtførar reagerer på forbodsskilt på brygga. Nødvendig, meiner kafédrivar og kommunen.

Jan Helge Breidalen brukar ofte å legge båten til brygga i Kviteseid når har kryssar fjorden for ein handletur eller ta ein matbit på kafeen. I helga vart han stoppa av forbodsskilt.

Publisert

– Det har vore ein del utfordringar med båtar som har lagt til brygga ved bryggekafèen, difor vart det sett opp skilt om berre av- og påstiging, seier næringssjef Elisabeth Lid.

Heile livet har Jan Helge Breidalen bruka Sundkilen mykje som ferdselsveg til Kviteseidbyen – om han skal til butikken eller gjere andre ærend i Kviteseid sentrum.

– Når ein har vakse opp ved fjorden og er vand med å bruke båt, er det koseleg å kunne bruke båten også. Eg har ofte lagt til ved sjølve brygga, sidan eg ikkje vil ta plass frå andre båtturistar som kjem inn fjorden og legg seg ved gjestebrygga.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS