Lokal trio kjøpte dette bygget i Treungen
Eit nystifta selskap i Nissedal kommune har blitt eigar av bygget i Treungen der det var trappeproduksjon i mange år, fram til konkursen sist november.
Temmeleg nyleg har Tore Skåli, Roald Nomme og Halvor Brekke etablert Nissedal Næringsbygg AS. Selskapet har kjøpt det tome lokalet der det tidlegare var produksjon av trapper, og betalte 3,5 millionar kroner for bygget.
– Det er ikkje så mykje å seie ennå. Me har mange planar, men det heng i lufta førebels. I løpet av eitt år håper me det er eit svar, seier Tore Skåli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så fortset han:
– Eg trur det var viktig at bygdefolk kjøpte bygget med tanke på å få ny aktivitet der.