Meiner toget har gått: Hans Martin Huse (uavhengig) meiner kommunen hadde alle mogelegheiter til å styre utforminga av sentrum då dei eigde rutebiltomta, men at det toget gjekk då tomta vart selt.
Åshild Emma Solbjør
Lufta saka om det nye handelshuset. – Me har latt ein kjempesjanse gå frå oss
Det nye Bratlandbygget stod ikkje på saklista til plan- og miljøutvalet i Vinje, men etter vendinga saka tok i sommar ville dei ha ei orientering frå administrasjonen.
I fjor sommar vart teikningar av det nye Bratlandbygget i Åmot sentrum lagt ut på høyring, noko som førte til stort engasjement. Ein ting var sjølve handelsbygget med leilegheiter, men i tillegg tok fleire til orde for at ein måtte tenke heilskapleg på heile sentrumsområdet og nytte høvet til å gjere det grønare, trivelegare og meir fotgjengarvenleg. Etter høyringa skulle det ha vore eit folkemøte om saka, men dette vart det ikkje noko av.
Så vart det stille om saka gjennom vinteren.
Men denne sommaren vart det sendt ut nabovarsel med nye teikningar av handelsbygget. Dei nye teikningane viste eit bygg utan leilegheiter, basert på vognhallane som står på tomta i dag. Samstundes uttalte Håvard Bratland til VTB at dei håpa på byggestart i månadsskiftet august/september.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP