Ane Killingtveit (Sp) meinte sjukeheimssaka var var ei boble som måtte sprekke.
Åshild Emma Solbjør
Lufta sjukeheimssaka. – Det var ei boble som måtte sprekke
Mange hadde noko på hjartet om Vinje sjukeheim i kommunestyremøtet i Vinje tysdag.
Suhail Mushtaq (DNI) var den som sette Vinje sjukeheim på dagsorden i kommunestyret nok ein gong. Han hadde ein interpellasjon der han spurde kva som blir gjort med tanke på arbeidsmiljø, rekruttering, kompetanseheving og eventuelle leiarutfordringar på sjukeheimen.
Vinje sjukeheim var tema i kommunestyret for ein månad sidan også, og helsesjef Kari Dalen kom då for å orientere om ein krevjande rekrutteringssituasjon.
Så stod helsefagarbeidar Åshild Dale fram offentleg og fortalde om manglande handtering av vald og trugsmål på sjukeheimen, og at ho har varsla internt
om dette for fleire månadar sidan utan at noko merkbart har blitt gjort. I tillegg har Arbeidstilsynet gjort undersøkingar etter å ha blitt kontakta av Dale, og har førebels konkludert med fleire brot på arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter. Dette var noko av bakteppet for interpellasjonen frå Mushtaq denne tysdagen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP