Kvinne er floge til sjukehus etter arbeidsulykke på ein låve i Kviteseid
Ei kvinne skal ha falle gjennom eit golv på ein låve.
Kloka 16.25: Kvinne i 30-åra er floge til sjukehus med luftambulanse. Politiet har etterforska ulykka på staden og opprettar sak. Arbeidstilsynet er varsla, melder politiet.
Naudetatane rykte ut til ei arbeidsulykke på ein låve i Kviteseid, melde politiet klokka 14.50.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ukjent skadeomfang. Helse har sendt luftambulanse til staden, skreiv politiet på Twitter.