Må bytte ut den 25 år gamle ombygde mjølkebilen, men kommunen har ikkje pengar til brannvesenet neste år
Brannvesenet i Seljord har i fleire år varsla om behovet for ein ny tankbil. Det skjer neppe neste år.
Kommunedirektøren har i budsjettarbeidet ikkje funne midlar til å oppfylle ynsket til brannsvesenet om ein ny tankbil. Dagens bil er ein ombygd mjølkebil frå 1999. Den har dårlege køyreeigenskapar og krev sjåfør med god erfaring. Bilen bør bli skifta ut neste år, melder kommunedirektøren som likevel ikkje har funne midlar i budsjettet.
Det er lagt til grunn kjøp av ein brukt eller ombygd bil slik det er gjort med gode erfaringar i Kviteseid og Fyresdal. Dette er kostnadsrekna til 1-2 millionar kroner.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP