Vintersikker: For E134 Haukelivegen AS blir det viktig å få ei stadfesting i ny NTP om vintersikker veg over Haukelifjell, medan ein ventar på ei ferdig utgreiing av vegarm til Bergen.
Geir Ufs
– Må fokusere på andre viktige prosjekt på E134
E134 Haukelivegen AS vil i påvente av pengar til vegarm til Bergen, bruke tida på å få inn andre viktige E134-prosjekt i ny Nasjonal transportplan som blir vedteke av Stortinget før sommaren.
Pål Kårbø, dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS, seier stortingsvedtaket om å få konseptvalutgreiing (KVU) av vegarm frå E134 til Bergen er viktig for alle som heiar på denne europavegen.
– Og det er mange. Endeleg får vi fram kunnskapen om potensialet som ligg rundt arm til Bergen. Trafikken frå den framtidige armen vil vera viktig for satsinga på fjellovergangen. Vi veit frå aust-vest-utgreiinga at trafikken over fjellet lett kan firedoblast når armen er på plass. Difor er arm til Bergen også viktig for Haugalandet og resten av Rogaland og Telemark. Statsråd Knut Arild Hareide var i stortingsdebatten torsdag tydeleg på at det er viktigare at prosessen med KVU-en er grundig og kunnskapsbasert, enn at den kjem på ekspressfart. Sjølv om vi i E134 Haukelivegen AS er utolmodige på kunnskapen, så er vi likevel realistiske på at rapporten nok ikkje vert ferdig før tidleg våren 2022. Likevel er dette ein stor seier etter fem år med venting, seier Kårbø.
– Pengar til vegarmen til Bergen vil ikkje bli relevant til NTP-vedtaket før sommaren 2021. Då må vi fokusere på andre viktige prosjekt på E134, så får vi kunnskapen frå KVU-en til neste NTP, fortset han.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP