Må i retten for måten rådyret blei avliva på
Ein mann i 40-åra frå Vest-Telemark må i august møte i Telemark tingrett tiltalt for brot på dyrevelferdslova og viltlova.
Bakgrunnen er måten han i oktober i fjor avliva eit dyr på under rådyrjakt. Mannen skal ha skote tre skot mot eit rådyr som var i rørsle – utan å treffe dyret med eit døyeleg skot. Han fann rådyret i live liggande på bakken med beina innunder seg, står det i tiltalen der det kjem fram at han då skal ha tatt fram jaktkniven og stukke denne inn i halsen til rådyret.
– Dette medførte at dyret blei utsett for unødig liding, meiner politiet og karakteriserer dette som «grovt å ha utøvet jakt, fangst og fiske på en ikke dyrevelferdsmessig forsvarlig måte».
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet viser også til viltlova som mellom anna seier at ein ved skadeskyting er plikta til å gjera det ein kan for å avlive dyret snarast mogleg. Frå tiltalen kjem det fram at politiet meiner eit hovudskot hadde vore den retten måten å avlive dyret på.
Saka går i Telemark tingrett i Kviteseid i august.