Magnus Krog kosa seg saman med sønnene Even (på fanget) og Odin på VM-femmila i Granåsen. Til venstre: Svigermor Kari Hegseth.

Magnus fekk lyst til å ta på seg startnummeret igjen

Magnus Krog har blitt olympisk meister og har opplevd det meste som kombinertutøvar. Høysekken innrømmer likevel at han gjerne skulle ha konkurrert under dei rammene som var i Trondheim.

Publisert Sist oppdatert

– Det er kjekt å vere tilskodar når det er så flott stemning som det har vore her dei siste dagane. Men det er nok hakket artigare å gå med startnummer når det er så mykje folk og god atmosfære. Eg skulle veldig gjerne ha opplevd eit VM i Granåsen før eg avslutta karrieren, sa ein av Telemarks aller fremste vintersportsutøvarar gjennom tidene. Magnus hadde fått med seg mykje då han for nokre år sidan bestemte seg for å gi seg på toppnivå.

37-åringen angrar ikkje på at han tok det valet, sjølv om mange meinte han kunne hatt fleire gode år framfor seg. Tobarnspappaen stortrivst med livet han har no. Sønene, som blir høvesvis ni og seks år i år, er av den aktive sorten. Dei driv med både hopp, langrenn, fotball, handball og sykling. Yngstemann har òg byrja med ishockey. Magnus bruker mykje av fritida si på å følgje opp dei aktive gutane, noko han ser på som eit privilegium.

– Me bur heldigvis ikkje så langt unna Granåsen og dei andre treningsarenaene. Det blir likevel ein del køyring, sa den mangeårige verdscupdeltakaren.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS