Heider: I høve 80-årsdagen hennar, vil Ellen Nordstoga bli heidra med framsyninga Ellen og elevane, laurdagen på Telemarksfestivalen.

Mange vesttelar på programmet

Telemarksfestivalen i Bø kan i år mellom anna lokke med to blad Nordstoga, Ingebjørg Bratland og historia om Rui-jentene.

Publisert Sist oppdatert

– 2020 var eit trasig og annleis år for alle. For oss i Telemarkfestivalen har det vore keisamt å ikkje ha høve til å gjere det me skal gjere og likar aller best – nemleg det å skipe til ein feiande flott folkefest i folkemusikken og folkedansen sitt teikn! Me vonar å få høve til det no i år, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld i ei pressemelding.

Årets festival skal etter planen bli arrangert mellom 12. og 15. august, og på programmet står fleire innslag frå Vest-Telemark.

Historia om Rui-jentene vil bli vist på opningsdagen, torsdag, der Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen portretterer Ingrid og Gurine Schewenius, akkompagnert av gitar- og hardingfelespel frå Erik Sollid, kjend frå Valkyrien Allstars. Seinare same kveld vil Aasmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt framføre dikt frå samlingane til den skotske skalden Robert Burns, omsett til vestteledialekt av Peter Fjågesund.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS